Teaterladan, offisielt Hedemora Gamla Theater, er eit teaterbygg i Hedemora i Dalarnas län i Sverige. Teateret blei oppført i 1820-åra, i tre etasjar. To av etasjane blei tidlegare nytta som lagerrom og det tredje som teater. Få teaterhus av denne typen står att i Sverige. Sidan 9. oktober 1964 er Teaterladan ein verna bygning.
Soge og bruk Teaterhuset blei oppført mellom 1826Kaj Bergman: Hedemora teaterlada : bröd och skådespel under samma tak : byggnadshistorisk beskrivning och restaureringsförslag (1975) i Bergqvist & Sandvold (2008), sid. 7 og 1829. Bygget er delt i tre etasjar, med teateret øvst og lagerrom i dei to nedre etasjane. Den fyrste framsyninga på teateret var eit teaterstykkje med ukjend tittel. Det blei framført av teatergruppa A. P. Bergmans Sällskap den 1. februar 1829.Bergqvist & Sandvold (2008), appendix 1(a) Saman med Gamla teatern i Eskilstuna er Hedemora Gamla Theater det einaste bevarte såkalte laduteateret i Sverige. Løa vert framleis nytta til teater og konsertar i sumarhalvåret. I løa ligg òg eit mindre teatermuseum. Ein del av utstillinga syner fram karrièren til skodespelaren August Lindberg.
Teateret hadde ei storheitstid mellom 1829 og 1888. I perioden 1888 til 1910 leigde Frelsesarméen huset. Etter det forfall huset, men i samband med byen Hedemora si 500-årsfeiring opna teateret på ny i 1946.Kvarnström Eriksson, Christina 1998: Upptäck Hedemoras Kulturminnen -Liten utflyktsguide
Biletgalleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Teater i Sverige Kategori:Skipingar i 1826