Neumayer III-stasjon, kalla opp etter geofysikaren Georg von Neumayer, er ein tysk forskingsstasjon i Antarktis driven av Alfred-Wegener-Institut. Han ligg kring på den kring 200 meter tjukke Ekströmisen fleire kilometer sør for Neumayer II-stasjon.DB mobil, Ausgabe 11, 2008 Stasjonen vart sett opp i november 2007. Han flyttar seg med isen kring 200 meter kvart år mot det opne havet.

Etter å ha arbeidd i nesten ti år med prosjektet, kom stasjonen i regulær drift den 20. februar 2009. Stasjonen erstatta Neumayer II-stasjon og Georg-von-Neumayer-stasjonen som var før den igjen. Den venta levetida til stasjonen er 25 til 30 år og heile prosjektet er estimert å ha kosta 39 millionar Euro.

Stasjonen er løfta 6 meter over overflata og kviler på 16 søyler. Kvar søyle er hydraulisk, slik at stasjonen kan hevast etter kvart som søylene søkk ned i isen. Stasjonen vert løfta 80 til 100 cm kvart år. Stasjonen er heilårleg og dekkjr 210 kvadratmeter, delt inn i 12 avdelingar. Han har soveplass til 40 personar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neumayer III-stasjonen» frå , den 16. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Beschreibungsseite vom Alfred-Wegener-Institut realnature.tv Video-, Foto-, und Textberichte über den Aufbau der Station in der Antarktis Video om stasjonen Webkamera frå stasjonen

Kategori:Tyskland og Antarktis Kategori:Utpostar i Dronning Maud Land Kategori:2009 i Antarktis