Antarktisk geografi er dominert av den sørlege, polare plasseringa og derfor av is. Antarktis ligg på den sørlege halvkula sentrert asymmetrisk kring Sørpolen og stort sett sør for den antarktiske polarsirkelen. Det er omgjeve av Sørishavet og har eit areal på 14 millionar kvadratkilometer.
Kring 98% av Antarktis er dekt av den antarktiske innlandsisen, den største isen i verda og det største ferskvassreservoaret. Isen er i snitt 1,6 km tjukk og så massiv at han somme stader har pressa berggrunnen meir enn 2,5 km under havnivå. Det finst subglasiale innsjøar med flytande vatn under isen, som Vostoksjøen. Isbremmar og ishaugar ligg kring kontinentet. Berre 2 % av kontinentet er ikkje dekt av is.
Regionar mini|venstre|Princesses Astrid og Ragnhild Kyst mini|venstre|Banzare, Sabrina, og Budd Law Dome Coasts Fysisk sett er Antarktis delt i to av Dei transantarktiske fjella nær halsen mellom Rosshavet og Weddellhavet. Vest-Antarktis og Aust-Antarktis samsvarar grovt sett til den austlege og den vestlege halvkula relativt til nullmeridianen. Dette har stundom vorte rekna som eurosentrisk av somme og alternative namn er Vesle Antarktis og Store Antarktis.
Vest-Antarktis er dekt av Den vestantarktiske innlandsisen. Det har vore noko uro om denne isen fordi det er ein visse sjanse for at han kan kollapse. Om det skulle skje ville havnivået ha stige nokre meter i løpet av særs kort tid.
Vulkanar Det er fire vulkanar på fastlandet i Antarktis som vert rekna som aktive baserte på fumaroleaktivitet eller «nyare» avsetningar av tefra: Mount Melbourne (2 730 moh.) (74°21'S., 164°42'E.), ein stratovulkan; Mount Berlin (3 500 moh.) (76°03'S., 135°52'W.), a stratovulkan; Mount Kauffman (2 365 moh.) (75°37'S., 132°25'W.), a stratovulkan; og Mount Hampton (3 325 moh.) (76°29'S., 125°48'W.), ein kaldera.
Fleire vulkanar som ligg på øyane kring kontinentet har vore nyleg eller er aktive: Mount Erebus (3 795 moh.), ein stratovulkan på Ross Island med ti kjende utbrot. På den andre sida av kontinentet ligg Deceptionøya (62°57'S., 60°38'W.), som er ein vulkansk kaldera med minst ti kjende utbrot. Andre er Buckle Island i Ballenyøyane (66°50'S., 163°12'E.), Penguin Island (62°06'S., 57°54'W.), Paulet Island (63°35'S., 55°47'W.) og Lindenberg Island (64°55'S., 59°40'W.).
Vest-Antarktis mini|400px|Vest-Antarktis til venstre.
mini|venstre|Typisk landskap på Den antarktiske halvøya med fjordar, høge kystfjell og øyar. Vest-Antarktis er den mindre delen av kontinentet og er delt inn i:
Område Den antarktiske halvøya med Graham Land Palmer Land Ellsworth Land med English Coast Bryan Coast Eights Coast Marie Byrd Land med Walgreen Coast Bakutis Coast Hobbs Coast Ruppert Coast Saunders Coast King Edward VII Land med Shirase Coast
Havområde Scotiahavet Weddellhavet Bellingshausenhavet Amundsenhavet
Isbremmar Dei største isbremmane er: Filchner-Ronne-isen Larsenisen Abbotisen Getzisen Sulzbergerisen Rossisen For all isbremmane sjå isbremmar i Antarktis.
Øyar For ei liste over alle dei antarktiske øyane, sjå antarktiske og subantarktiske øyar.
Aust-Antarktis mini|400px|Aust-Antarktis til høgre. Aust-Antarktis er den større delen av kontinentet, og både Den magnetiske sørpolen og den geografiske Sørpolen ligg her. Dette er delt inn i:
Område Coats Land Dronning Maud Land med Kronprinsesse Märtha Kyst Prinsesse Astrid Kyst Prinsesse Ragnhild Kyst Prins Harald Kyst Kronprins Olav Kyst Enderby Land Kemp Land Mac. Robertson Land Princess Elizabeth Land Wilhelm II Land Dronning Maud Land Wilkes Land Adélie Land George V Land Oates Land Victoria Land
Havområde D'Urvillehavet Davishavet Mawsonhavet Kong Haakon VII Hav Weddellhavet Scotiahavet
Isbremmar Dei største isbremmane er: Riiser-Larsenisen Ekströmisen Ameryisen Westisen Shackletonisen Voyeykovisen For alle isbremmane sjå isbremmar i Antarktis.
Øyar For ei liste over alle antarktiske øyar, sjå antarktiske og subantarktiske øyar.
Territoriale krav Sju nasjonar har gjort offisielle krav på landområde i Antarktis.
Kronkoloniar og territorium Bouvetøya Dei franske sørterritoria Heard- og McDonaldøyane Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Peter I Øy
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktisk geologi Pritchard Peak
Bakgrunnsstoff Kart over kravområde USGS TerraWeb: Satellittbilete av Antarktis United States Antarctic Resource Center (USARC) BEDMAP Antarctic Digital Database Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. I: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17–28. ISBN 978-954-07-3939-7