Burt Lancaster, fødd Burton Stephen Lancaster, () var ein amerikansk filmskodespelar og produsent. Gjennom ein 45 år lang karriere i film og fjernsyn vann han ein oscarpris som beste mannlege skodespelar (og fekk fire nominasjonar), to BAFTA-prisar og ein Golden Globe.
mini|venstre|Burt Lancaster i filmen Gunfight at the OK Corall (1957)
Lancaster opptredde som sirkusakrobat på 1930-talet. Etter å ha tent i militæret under andre verdskrigen fekk han som 32-åring ei rolle i eit skodespel på Broadway og blei oppdaga av ein agent frå Hollywood agent. Han fekk eit gjennombrot med The Killers i 1946, ein film noir der han spelte mot Ava Gardner. I 1953 spelte Lancaster elskaren til Deborah Kerr i det militære dramaet From Here to Eternity. I 1956 spelte han i The Rainmaker mot Katharine Hepburn, og i Gunfight at the O.K. Corral frå 1957 mot ein Kirk Douglas, som han kom til å opptre mykje i lag med. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Burt Lancaster» frå , den 20. august 2020.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå New York City