Frida Waage Amundsen () er ein norsk songar og låtskrivar. Hausten 2009 signerte ho ein kontrakt med EMI, og debutalbumet September Blue vart gjeven ut i 2012. Debutsingelen «Closer» var gjeven ut 20. mai 2011, og vart spelt mykje på norsk radio. Songen er skriven og produsert av Lars K. Hustoft frå Crystal of Air Music og av Yngve Highland. Amundsen har sidan klatra på listene i Tyskland, Italia, Austerrike, Sveits, Sverige, Finland og Danmark.

Eurovision Selecția Națională 2014 Amundsen deltok med singelen «Miracle» i Selecția Națională 2014, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Frida Amundsen, Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun og Victor Forberg Skogberg, og vart framført på engelsk av Paula Seling og Ovidiu Cernăuțeanu under aliaset Paula Seling og Ovi. Bidraget vann tevliga med 22 poeng, tolv frå juryen og ti frå fjernsynssjåarane.

Eurovision Song Contest 2014 Etter sigeren i Selecția Națională 2014 vart det kjent at Amundsen vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2014. Bidraget vil verte framført i den andre semifinalen 8. mai 2014.

Diskografi Album 2012: September Blue

Singlar 2011: Closer 2012: Rush 2013: Colours (med Christopher frå albumet hans Colours)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frida Amundsen» frå , den 2. mars 2014.

Denne artikkelen bygger på «Romania in the Eurovision Song Contest 2014» frå , den 2. mars 2014.

Kategori:Folk frå Vaksdal Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Selecția Națională 2014-låtskrivarar Kategori:Selecția Națională-vinnarlåtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-låtskrivarar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar