Elisabeth Carew () er ein norsk-gambisk songar. Far hennar er frå Gambia, medan mora er norsk og kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen. Ho er systra til fotballspelaren John Carew.

Eurovision Melodi Grand Prix 2010 Carew deltok med singelen «Rocketfuel» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2010, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg. Songen er skrive av Elisabeth Carew og Thomas Eriksen, og vart framført på engelsk av Elisabeth Carew. Bidraget enda på sjetteplass og gjekk ikkje vidare til korkje andresjansen eller finalen.

Melodi Grand Prix 2014 Carew deltok med «Sole Survivor» i den tredje semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Elisabeth Carew, David Eriksen, Simon Climie og Mats Skåre Lie.

Diskografi Singlar 2008: Destructive 2009: Thunder 2009: Even If The Rain 2010: Rocketfuel 2011: You'll Never Love Me 2014: Sole Survivor

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Carew» frå , den 27. februar 2014.

Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix 2010-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2010-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2014-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2014-låtskrivarar Kategori:Folk frå Lørenskog