Tranquillity Valley er ein snødekt dal mellom Hannah Peak og Cairn Ridge vest i Dufek Massif i Pensacolafjella. Namnet vart foreslått av Arthur B. Ford, ein geolog i US Geological Survey (USGS), som leia fleire feltekspedisjonar for USGS i Pensacolafjella, 1965-79. Han vart namngjeven etter vêrtilhøva her, sidan dalen som oftast ligg i le frå den kraftige vinden som rår i området. Grupper frå USGS kom frå kalde vindfulle område og søkte tilflukt i denne dalen. Namnet heng òg saman med nærliggande Enchanted Valley.

Kjelder

Kategori:Dalar i Queen Elizabeth Land