Lost Seal Stream er ei elv av smeltevatn, 2,6 km lang, som flyt frå vestenden av Commonwealthbreen til nordaustenden av Lake Fryxell i Taylor Valley i Victoria Land. Namnet vart foreslått av Diane McKnight, leiaren for ei gruppe frå US Geological Survey (USGS) som studerte hydrologi i elvarn som flyt ut i Lake Fryxell i fleire sesongar, 1987-94. Namnet syner til eit møte med ein levande weddellsel. Selden vandra inn i området nord for Lake Fryxell i november 1990 og vart evakuert med helikopter til New Harbour etter han kom inn i leiren her. Ein mumifisert sel ligg ved munningen av elva.

Kjelder

Kategori:Elvar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys