Lake Vanda er ein innsjø i Wright Valley i Victoria Land i Ross Dependency i Antarktis. Innsjøen er 8 km lang og har ei djupne ned mot 75 m. Den newzealandske Vanda-stasjonen låg ved breidda av innsjøen frå 1968 til 1995. Lake Vanda er ein hypersalt innsjø og er meir enn ti gonger saltare enn sjøvatn, som er saltare enn Daudehavet og kanskje enno saltare enn Assalsjøen, som er den saltaste innsjøen i verda utanfor Antarktis. Lake Vanda er òg meromiktisk, som tyder at det djupare vatnet i innsjøen ikkje blandar seg med det grunnare vatnet. Det er tre distinkte vasslag som varierer i temperatur frå 23 ºC ved botnen til 7 ºC i det midtre laget og 4-6 ºC i det øvre laget. Han er ein av mange saltsjøar i dei isfrie dalane i Dei transantarktiske fjella. Den største elva i Antarktis, Onyx River, flyt vestover og ut i Lake Vanda. Det ligg ein vêrstasjon ved munningen av elva.
venstre|mini|Den isdekte Lake Vanda med Onyx River i framgrunnen.
Innsjøen er dekt av eit gjennomsiktig isdekke som er 3,5-4 meter tjukt året rundt, men smelting seint i desember dannar ein ei vollgrav ut til kring 50 meter frå breidda. Isoverflata er ikkje dekt med snø og består av djupe sprekker og smeltelinjer. I dei kaldare månadane frys denne vollgrava til is att.
Det finst ikkje fisk i Lake Vanda eller Onyx River, men det finst mikroskopisk liv som cyanobakterie-algar. Ein har ikkje undersøkt dei djupare vasslaga i innsjøen, berre dei øvre vasslaga, fordi ein ikkje vil forstyrre det naturlege miljøet ved å køyre fjernstyrte undervassfartøy ned i djupet.
Vanda-stasjonen
Vanda-stasjonen var kjend for The Royal Lake Vanda Swim Club. Vitjande ved Vanda-stasjonen kunne kaste seg ut i det særs slate vatnet då iskappa smelta på sommaren og fekk eit symjemerke.
Vanda-stasjonen vart lagt ned og fjerna i 1995 då vassnivået auka, og vart erstatta av ei hytte, der det periodisk bur 2-8 forskarar.
venstre|mini|600px|Kart over Wright Valley med Onyx River og Lake Vanda
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Vanda» frå , den 22. februar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Lakes av McMurdo Dry Valleys
Kategori:Innsjøar i Victoria Land Kategori:Meromiktiske innsjøar Kategori:Saltsjøar Kategori:Endorheiske innsjøar i Antarktis Kategori:McMurdo Dry Valleys