Steinar Bastesen () var ein norsk politikar frå Dønna og tidlegare leiar i Kystpartiet. Han representerte Nordland på Stortinget frå 1997 til 2005, og sat som representant for Kystpartiet i perioden mellom 2001 og 2005.

Bastesen tok kystskippereksamen i Bodø i 1967. Han er tidlegare kystfiskar og kvalfangar. I perioden mellom 1977 og 1991 representerte han Høyre i Brønnøy kommunestyre (varamedlem 1975–1977). Bastesen grunnla Kystpartiet i 1999 og sat som partileiar fram til 2005, då Roy Waage blei ny leiar og han sjølv blei nestleiar. Den 18. april i 2008 blei Steinar Bastesen ekskludert frå Kystpartiet.Steinar Bastesen ekskludert fra Kystpartiet, Aftenposten 19. april 2008, vitja 25. april 2008.

Stortingskomitear 2001–2005 medlem av Finanskomitéen. 1997–2001 medlem av Finanskomitéen. 1997–2001 medlem av Fullmaktskomitéen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Steinar Bastesen» frå , den 17. desember 2005.

Bakgrunnsstoff John-Arne Storhaug: Bastesen - en kysthistorie, Gyldendal 1994 (biografi)

Kategori:Kystpartipolitikarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Folk frå Dønna