Taninganway Min () var ein konge frå Toungoo-dynastiet i Burma (Myanmar) frå 1714 til 1733. Under hans regjeringstid blei den langvarige nedgangen til Toungoo-dynastiet synleg i form av indre og ytre uro i riket. Allereie då han kom på trona gjorde onkelen hans, som var guvernør i Pagan, opprør. I nordvest utførte manipurifolk til hest raid på burmesisk territorium tidleg i 1724. Ein gjengjeldingsekspedisjon til Manipur i november 1724 feila. I aust gjorde sørlege Lan Na (Chiang Mai), som hadde vore under burmesisk styre sidan 1558, opprør i 1727.Harvey 1925: 207–208 Taninganway prøvde å ta tilbake regionen to gonger, men makta det ikkje.Hmannan Vol. 3 2003: 363 I 1732 var Lan Na sjølvstendig, men ein mektig burmesisk garnison i Chiang Saen nord i regionen avgrensa opprørsområdet til Ping-dalen rundt Chiang Mai.Lieberman 2003: 285–286
I 1724 gjorde U Kala ferdig Maha Yazawin ('Den store krøniken'), den første omfattatande nasjonale krøniken for burmesisk historie, basert på eldre kjelder.
Notar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taninganway Min» frå , den 18. februar 2014. oppgav desse kjeldene:
Litteratur
Kategori:Burmesiske monarkar Kategori:Burmesiske leiarar Kategori:Toungoo-dynastiet