Valen kapell er ei langkyrkje i Valevåg i Sveio kommune i Vestland. Bygget vart opphavleg oppført som kyrkje i 1707. I 1873 vart kyrkjestaden flytta til Ulveraker, der Valestrand kyrkje vart oppført, mens materialane frå gamlekyrkja vart brukt til å bygge ein skole. Skolen vart riven i 1940, og materialane vart brukt til å oppføre kapellet på den gamle kyrkjestaden, med vigsling i 1949. Skipet er lafta, medan koret er i bindingsverk. Kapellet har 50 sitjeplassar.

Komponisten Fartein Valen er gravlagd på staden.

Kjelder

Sveio kyrkjelege fellesråd Valen kapell i «Norges kirker» Kyrkjesøk – Valen kapell, Sveio

Kategori:Kyrkjer i Sunnhordland prosti Kategori:Kyrkjer i Sveio Kategori:Norske kyrkjer frå 1700-åra Kategori:Norske kyrkjer frå 1949 Kategori:Kulturminne i Sveio Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin