Friedrich Johann Karl Becke () var ein austerriksk mineralog og petrograf.

Han var professor i Wien frå 1907 til 1927. Han er kjent for dei nyskapande ideane sine over metamorfosen til bergartane og for å ha utvikla nye metodar til å avgjere minerala til bergartene ved hjelp av polarisasjonsmikroskopet. Det er ein konoskopiske metode til å avgjere optiske aksevinklar, Beckes lyslinje for vurdering av relativ lysbryting på korngrenser.

Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.

Kjelder Friedrich Johann Karl Becke. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.

Kategori:Austerrikske mineralogar Kategori:Elevar ved Universitetet i Wien Kategori:Medlemmar av St. Petersburg vitskapsakademi Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Folk frå Praha