Alf Hartmann () var ein norsk journalist og tekstforfattar frå Hvalstad i Asker, cand.philol. frå 1941. Han er kjend under pseudonymet Scorpio som han brukte i over ti tusen petitartiklar for Verdens Gang i løpet av karrieren.

Alf Hartmann skreiv revytekstar sidan 1930, og fekk prøva seg som revyskodespelar fyrste gongen i Asker i 1932 på lokalet Venskaben. I 1934 sette han opp sin fyrste lokalrevy på Venskaben sjølv, der Arvid Nilssen debuterte som skodespelar.Askerbibliotek.no: Revy og teater i det gamle Asker. Skrive av Alf Andersen, også publisert i Budstikka. Vitja 12.02.14 Seinare skreiv Hartmann for Jens Book-Jenssen, Lalla Carlsen, Per Aabel og Leif Juster, artistar ved Chat Noir og Edderkoppen. Alf Hartmann har òg omsett europeiske dramastykke til norsk og omarbeidd manus.Profil på Dramas.no, vitja 12.02.14.

Bortsett frå nokre sesongar i Morgenbladet 1950-52 i London, og Dagbladet 1952-56 i Paris, blei han i VG frå 1945. I 1960 skreiv han for VG då han kritiserte rivinga av kunstnarbustaden til Edvard Munch på Ekely. Då skreiv han: «Bord for bord rives det opp med kubein og øks. (...) Planke for planke løsner. Men vi har den idiotiske tanke at vi kan få litt ut av å besøke kjente menns faste oppholdssteder på jorden.»Aftenposten.no, 25.02.13: Knust til pinneved. Av Ulf Andenæs. Vitja 12.02.14 I 1964 gav han ut boka Nei--nå for tiden!

Prisar og utmerkingar Leif Justers ærespris i 1982 Statens stipend til eldre fortente kunstnarar i 1998

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alf Hartmann» frå , den 12. februar 2014.

Fotnotar

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske revyartistar Kategori:Folk frå Asker