Sauland kyrkje er ei krosskyrkje i Hjartdal kommune i Telemark.
Kyrkja vart innvigd i 1859, men vart ikkje heilt ferdig før i 1863. Ei stavkyrkje frå mellomalderen vart riven i 1860. Det finst ein portalvange frå stavkyrkja i Oldsaksamlinga i Oslo.
Sjølv om Sauland kyrkje strengt tatt er ei krosskyrkje, er tverrarmane nokså korte, og kyrkja vert ofte omtala som langkyrkjeTil og med på Kyrkjesøk. Tverrarmane er møblert med vanlege stolar, medan hovudskipet har tradisjonelle kyrkjebenkar. I 1974 vart kyrkja dekorert av Finn Emanuel Olsen. Kyrkja vart fargeretaurert innvendig til jubileet i 2009.
Kjelder Arven nr. 5/2009 (kyrkjelydsbladet for Hjartdal ved jubileet i 2009) Arne Hardang: Kyrkje- og prestesoge for Hjartdal (Buen kulturverkstad, 1994; nå på Bokhylla.no)
Kyrkjesøk Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Hjartdal Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kulturminne i Hjartdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Christian H. Grosch