Flett Crags er nokre fjellknausar på nordsida av Read Mountains, 10 km nord for Mount Wegener i Shackleton Range i Antarktis. Dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Navy i 1967, og kartlagt frå bakken av British Antarctic Survey, 1968–71. I samband med at stader i området fekk namn etter geologar, vart dei namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee etter sir John Smith Flett, ein britisk geolog som arbeidde med skotsk geolog og vulkanar. Han var direktør i Geological Survey and Museum of Practical Geology (seinare British Geological Survey), 1920–35.

Kjelder

Kategori:Klipper i Coats Land