Akeleie (Aquilegia vulgaris) er ein plante i akeleieslekta i soleiefamilien. Blomane er ofte blå, men finst også i mange andre fargar frå kvitt til blått eller raudt. Dei er kjenneteikna av poseforma kronblad som ender i lange honningsporar som stikk opp mellom begerblada. Akeleie har lenge vore dyrka som kulturplante, og var tradisjonelt brukt i urtemedisin. Plantane er rekna som giftige.

mini|venstre|Blad I Noreg kan ein ha dyrka akeleie i klosterhagar sidan mellomalderen.Aquilegia vulgaris L., artsdatabanken.no. Henta 7. juni 2017. Han finst forvilla og naturalisert i berg og urer frå Sør-Noreg til Trøndelag.

Avkok av akeleie har vore brukt som augedropar og mot øyreverk. Ein har nytta akeleievatn som middel mot epilepsi, medan eit avkok med vin blei drukke ved beinbrot.

Kjelder *Aquilegia vulgaris akeleie , artsdatabanken.no akeleie, artsdatabanken.no

Bakgrunnsstoff

Akleja i Den virtuella floran

Kategori:Soleiefamilien Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Medisinplantar Kategori:Giftige plantar