mini|Måltid med omelett og grønsaker. Omelett er ein matrett basert på egg, som både kan vera enkel og innvikla. Ordet har opphav i fransk, og omelettar vert ofte rekna som ein del av det klassiske franske kjøkenet.

mini|venstre|Spansk omelett med poteter.

Den enklaste typen omelett er vispa egg tilsett nokre få krydder som vert steikt i ei panne. For å gjera måltidet fyldigare kan ein tilsetja ei rekkje andre ingrediensar, som mjølk, grønsaker, kjøt og smakstilsetjingar. Korleis røra vert vispa har òg mykje å seia for den ferdige omeletten. Det skal mellom anna vera betre å bruka ein gaffel enn ein visp for å piska egga, slik at eggekviten held saman og omeletten blir luftig.

Bakgrunnsstoff

Kjelder :fr:omelette Nynorskordboka

Kategori:Eggeretter