Gertrude Rock var den nordlege av to klipper kalla The Sisters, utanfor nordenden av Cape Adare i Antarktis. The Sisters vart namngjeven som ei gruppe av Southern Cross-ekspedisjonen, 1898-1900. Dei individuelle klippene vart namngjevne av Victor Campbell, leiaren for den nordlege gruppa under Terra Nova-ekspedisjonen, etter forslag frå G. Murray Levick, etter Gertrude og Rose, to systrer som var nemnde i ein munter song dei song mykje på. I 2004 hadde klippa forsvunne i Rosshavet.

Kjelder

Kategori:Klippeformasjonar i Victoria Land Kategori:Pennell Coast