Moe kyrkje er ei krosskyrkje frå 1867 eit par kilometer nord for Svorkmo i Orkland kommune i Trøndelag fylke.

Tidlegare kyrkjer Dagens kyrkje er den tredje kyrkja ved Svorkmo. Ei kyrkje for verksarbeidarane vart oppført på Skankebakken i 1675 og vart øydelagt av flaum i 1816. Same året vart ei åttekanta trekyrkje oppført på Smedhaugen, om lag ein kilometer lengre nord. Denne kyrkja vart riven i 1866 og ny kyrkje oppført på Moe, vest for Orkla, der det hadde vore ekserserplass.

Dagens kyrkje Moe kyrkje vart teikna av Ole Fredriksen Rømmesmo og Børre Thorstensen Wulvig, oppført i 1866–67 og innvigd 28. desember 1867. Det er ei krosskyrkje i tre. Tre av veggane frå kyrkja på Smedhaugen vart nytta i koret. Kyrkja vart restaurert i 1958–59 etter planar av John Egil Tverdahl. Veslemøy Nystedt Stoltenberg laga glasmåleri i korvindauga i 1977.

Kjelder Orkdalsmenighetene

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Orkdalskyrkja på Grøtte i 900 år (Bokhylla.no)

Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Kyrkjer i Orkland Kategori:Norske kyrkjer frå 1867 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Orkland