Trollstigheimen var eit vertshus i Rauma kommune i Møre og Romsdal som låg ved Alnesreset, på det høgste punktet på Trollstigvegen, 850 moh.
Vertshuset var bygd i 1936. Det var lenge ein populær stad for fjellturistar fram til det blei knust av eit snøskred i 1964 og vart ikkje bygd opp etter det.
Trollstigheimen har ofte blitt forveksla med dagens Trollstigen turistsenter på Stigrøra ved kanten av Trollstigplatået.
Kjelder
«Fjellfolkets varmestue» Åndalsnes Avis, åa.no.
Kategori:Rauma kommune Kategori:Reiseliv i Møre og Romsdal Kategori:Skipingar i 1936 Kategori:Nedleggingar i 1964