Ein williwaw er ein brå vindstøyt som kjem ned frå ein fjellendt kyst til sjøen. Opphavet til ordet er ukjend, men vart nytta av britiske sjømenn på 1800-talet. Det vart nytta i Magellansundet, Aleutane og kystfjordane i Alaska. Vindfenomenet er det same som piteraq på Grønland. Williwaw-vinden kjem av kald, tung luft frå snø- og isfelt i kystfjell på høge breiddegrader, som får ekstra fart av tyngdekrafta. Ein williwaw er derfor ein slags katabatisk vind.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Williwaw» frå , den 31. januar 2014. oppgav desse kjeldene: Mentions Williwaw as an Aleut Word , from The Thousand Mile War
Kategori:Vindar