er eit prefektur i Japan som ligg på øya Honshu, i Kanto-regionen. Residenshovudstaden er Mito. Andre byar er Chikusei, Takahagi og Ibaraki.
Prefekturet dekker km2. I 2021 hadde prefekturet 2 862 372 innbyggjarar.
Ibaraki er kjend som opphavsstaden til kampsporten aikido, som blei grunnlagd av Ueshiba Morihei. Ueshiba levde siste delen av livet sitt i Iwama der han grunnla ein dojo og eit tempel. I Mito finst ein berømd hage, Kairakuen, med over 3 000 japanske plommetre. I Mito, Kasama og Yuki finst òg slottsruinar.
Ibaraki er elles kjend for natto (gjæra soyabønner) frå Mito, vassmelon frå Kyowa og kastanjar frå Nishiibaraki-regionen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ibaraki Prefecture» frå , den 8. april 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prefektur i Japan