Skien kyrkje er ei krosskyrkje frå 1894 i Skien kommune i Telemark.

Skien har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og den førre kyrkja, som var frå 1783, brann i den store bybrannen i 1886. Dagens kyrkje vart teikna av Hagbarth Schytte-Berg, som vann ein arkitektkonkurranse.

mini|venstre|portrett|Baksida av Skien kyrkje (frå nord mot sør).

Skien kyrkje er ei monumental kyrkje som ein lett kan ta for å vere domkyrkje, men ho er «berre» prostikyrkje. Forma er som ein latinsk kross, og kyrkja kan seiest å vere eit utstillingsvindauge for norsk fasade- og dekorstein. Dette er ikkje uproblematisk. Det har vore naudsynt å restaurere fasaden ei rekkje gonger, og det har òg vore problem med fundamenteringa.

Næraste kyrkjegard er Lie kyrkjegard, om lagt hundre meter nordvest for kyrkja.

Kjelder

Skien kyrkjelege fellesråd Kirkesøk

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1894 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Skien