mini|Kommunar i Sogn og Fjordane, delt i regionane Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Indre Sogn er ikkje ei fast geografisk avgrensing, men vert ofte brukt som ei fellesnemning for kommunane og landområdet inst i Sognefjorden. Når ein deler Sogn i to geografiske område, Indre Sogn og Ytre Sogn, omfattar Indre Sogn kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Området midt i Sogn, altså dei kommunane som ligg lengst vest i Indre Sogn, vert av og til omtala som Midtre Sogn.
Indre Sogn har eit samla areal på 8 584 km² og 28 756 innbyggjarar per 27. februar 2020.Statistisk sentralbyrå: Folkemengde 27. februar 2020
Kommunar i Indre Sogn Indre Sogn består av seks kommunar:Statistisk Sentrabyrå Folkemengd 1. januar 2012 og endringane i 2011. Sogn og Fjordane.
Nr Våpen Navn Innbyggere Målform 1420 Sogndal kommune 7 348 Nynorsk 1421 20px|Aurland sitt kommunevåpen Aurland kommune 1 712 Nynorsk 1422 20px|Lærdal sitt kommunevåpen Lærdal kommune 2 205 Nynorsk 1424 20px|Årdal sitt kommunevåpen Årdal kommune 5 572 Nynorsk 1426 20px|Luster sitt kommunevåpen Luster kommune 5 026 Nynorsk 1417 20px|Vik sitt kommunevåpen Vik kommune 2 748 Nynorsk
Tidleg historie Manntalet frå 1701 frå Ytre og Indre Sogn futedøme viser at prestegjelda som vart plassert i Indre Sogn var Lærdal, Sogndal, Luster og Hafslo, medan prestegjelda Vik, Leikanger, Aurland, Voss, Askvoll og Eivindvik var i Ytre Sogn Arkivverket - DigitalarkivetYtre og Indre Sogn fogderi, Manntall 8, 1701
Ein matrikkel frå 1723 inkluderer desse skipreida i Indre Sogn: Lærdal, Borgund, Årdal, Luster, Marifjøra, Solvorn, Sogndal og Norum. Skipreida i Ytre Sogn var i 1723 Aurland, Nærøy, Systrond, Tjugum, Kvamsøy, Vik, Klævol, Lavik og Utvær.Arkivverket - Digitalarkivet Ytre og Indre Sogn, Matrikkel , 1723
Amtstida Då Nordre Bergenhus Amt, det som i dag er Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763 vart amtet delt i fire futedøme: Ytre Sogn og Indre Sogn, Nordfjord og Sunnfjord.Store Norske Leksikon Nordre Bergenhus amt
I 1917 gav Det Statistiske Centralbyraa ut "Norges Civile, Geistelige og Judicielle Inddeling", og i tabell 3 finn vi "Rikets inddeling amtsvis i prestegjeld; og sogn, bykommuner og herreder, lensmandsdistrikter, tinglag, sorenskriveri og fogderi." Her kan vi sjå at futedømet heiter Sogn, men at det er delt inn i Indre Sogn og Ytre Sogn sorenskriveri. I Indre Sogn finn ein: Jostedalen, Lærdal, Hafslo, Årdal, Luster og Sogndal. I Ytre Sogn finn vi Aurland, Balestrand, Leikanger, Vik, Lavik], Gulen og Sulen.Det Statistiske Centralbyraa Norges Civile, Geistelige og Judicielle Inddeling
Moderne bruk Jordskiftesoknet til Indre Sogn Jordskifterett omfattar kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.Indre Sogn Jordskrifterett
Sogn regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane i Indre Sogn: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Regionrådet jobbar med rammevilkår for busetnad og næringsliv, samt med samordning.Sogn regionråd: Om Sogn regionråd
Sjå òg Indre Sogn prosti Sogn og Fjordane fylke Nordre Bergenhus Amt
Kjelder
Kategori:Sogn Kategori:Distrikt i Noreg