Stucklessbreen er ein brei isbre sørvest på Black Island på Ross Archipelago. Han flyt sørvest mellom Rowe Nunataks og Cape Beck til Moraine Strait i McMurdoisen. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1999) etter John S. Stuckless ved det geologiske instituttet ved Northern Illinois University, DeKalb (seinare U.S. Geological Survey), som i fleire sesongar frå 1972–73 forska på geokjemien i dei vulkanske bergartane i McMurdo og henta prøvar frå fleire stader på Ross Island og McMurdo Dry Valleys.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Ross Dependency Kategori:Black Island