Salekhard (til 1933 Obdorsk) er hovudstaden i Jamalo-Nenetsk nordvest i Sibir i Russland, ikkje langt unna der elvene Poluj og Ob møter kvarandre. Salekhard er den einaste byen i verda som ligg nøyaktig på polarsirkelen. Det bur om lag 50 000 menneske i byen.
Salekhard er ein viktig hamneby langs breidda av Ob, og han har jarnbanesamband over Uralfjella til Vorkuta og vidare langs stambanen i republikken Komi til resten av det russiske jarnbanenettet. Byen har også flyplass.
I Salekhard er det fiskehermetikkindustri og skipsverft. Det kjem ut ei avis, Poljarnyj krug (Полярный круг). Fleire universitet har avdelingar i Salekhard.
Historie Der Salekhard ligg har det tidlegare vore ein khanti-landsby, Polnovat-Vozj (Полноват–вож). Dei russiske erobrarane grunnla landsbyen Obdorsk (Обдорск) i 1595. Området rundt Obdorsk danna Obdorsk krins i tsartida.
Obdorsk vart administrativt sentrum i Jamalo-Nenetsia 10. oktober 1930. Landsbyen fekk nytt namn i 1933 og bystatus i 1938.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1595