Amundsenbreen er ein stor isbre i Antarktis som er kring 6 til 10 km brei og 128 km lang, og som flyt ned frå polarplatået der han drenerer området sør og vest for Nilsen Plateau. Han flyt ned gjennom Dronning Maudfjella og ut i Rossisen like vest for MacDonald Nunataks.
Breen vart oppdaga av kontreadmiral Byrd på flyturen til Sørpolen i november 1929. Namnet vart foreslått av Laurence Gould, leiaren for geologgruppa under Byrd-ekspedisjonen som drog i slede forbi munningen av breen i desember 1929, og er ei oppkalling etter Roald Amundsen.
Sjå òg Isbrear i Antarktis
Kjelder
Kategori:Isbrear i Ross Dependency Kategori:Dronning Maudfjella Kategori:Amundsen Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn Kategori:Oppkallingar etter Roald Amundsen