Weatherwaxbreen er ein isbre som dekkjer høgda sør for Mount Barnes i Kukri Hills i Victoria Land. Han drenerer søraust frå 800 m høgd og endar i ein smal snute på nokre klipper 200 m oppom New Harbour. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2000) etter Allan T. Weatherwax, ein fysikar ved fysisk institutt ved University of Maryland, som undersøkte atmosfæren, ionosfæren og magnetosfæren over McMurdo-basen, Amundsen-Scott-stasjonen og fleire av dei geofysiske observatoria på det anatarktiske platået i 10 feltsesongar frå 1988-89 til 1998-99.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys