Flosta kyrkje er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Agder.
Alderen på denne kyrkja er usikker. Ho skal ha vore «brøstfeldig» i 1628 og i orden i 1632, men ein veit ikkje om det dreidde seg om nybygging eller istandsetjing. Kyrkja (som var langkyrkje) vart forlenga omkring 1700 og fekk vesttårn i 1736. I 1747 vart ho bygd om til krosskyrkje av Ole Nielsen Weierholt. Seinare er kyrkje utvida, og ho vart restaurert på 1970-talet med nyopning i 1977.
miniatyr|venstre|Krigsminnesmerke ved kyrkja
Trass i ytre form er kyrkjesalen som ei langkyrkje med koret i nord. Østre del er sal for kyrkjelyden og vestre er tårnet. Gamalt inventar som hadde vore overmåla eller skifta ut, vart restaurert på 70-talet.
Inventar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Agderkultur Kunsthistorie.com
Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Arendal Kategori:Valkyrkjer i 1814