Larsenbreen er ein isbre som flyt søraust frå Reeves Neve, gjennom Prince Albert Mountains og ut i Rosshavet like sør for Mount Crummer i Victoria Land. Han vart oppdaga av gruppa som vitja den magnetiske Sørpolen under Shackleton-ekspedisjonen, 1907–09. Dei drog opp breen på veg opp til platået oppafor. Dei namngav han Larsenbreen fordi han flyt forbi foten av Mount Larsen, som dei hadde i syne heile vegen på veg opp til breen.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn