Froland kyrkje er ei langkyrkje frå 1718 i Froland kommune i Agder.
Det har vore kyrkje i Froland sidan mellomalderen. Før Froland vart eige prestegjeld i 18490, var Froland kyrkje anneks til Øyestad. Tidleg på 1700-talet stod gamlekyrkja til forfall, og dagens kyrkje vart innvigd på ein ny stad den 1. november 1718. Tårnet er frå 1727. Kyrkja vart ombygd og utvida i 1887 under leiing av Carl Svendsen. Samstundes vart det gamle inventaret kasta ut. Kyrkja vart restaurert i 1937 og 1959.
Mellom dei som er gravlagt på kyrkjegarden, er Nils Henrik Abel.
Kjelder
Kyrkjesøk
Bakgrunnsstoff Agderkultur Frolands kirke fra 1715-1915 (Bokhylla.no)
Froland kyrkjelege fellesråd
Kategori:Kyrkjer i Froland Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1710-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Froland