Siwalik (kalla Manak Parbat i eldre tider) er ei fjellkjede i ytre Himalaya. Fjellkjeda strekkjer seg kring 2400 km kring eit område som startar nesten frå Induselva til Brahmaputra, med eit gap på kring 90 km mellom elvene Teesta og Raidak i Assam. Breidda på Siwalik er frå 10 til 50 km og middelhøgada er frå 1500 til 2000 meter over havet.Kohli, M. S. (2004) Mountains of India: Tourism, Adventure, Pilgrimage. Indus Publishing, New Delhi.
Geologi mini|venstre|Ganges skjer gjennom Siwalik. mini|Siwalik frå Sukhnasjøen Siwalik er den sørlegaste og geologisk yngste aust-vestgåande fjellkjeda i Himalaya. Siwalik er delt inn i fleire mindre område. Dei strekkjer seg vestover frå Arunachal Pradesh gjennom Bhutan til Vest-Bengal, og vidare vestover gjennom Nepal og Uttarakhand, og inn i Himachal Pradesh og Kashmir. Fleire store elvar skjer seg gjennom fjella på veg sørover frå Himalaya. På sørsida av fjella finst eit netteverk av små riller og kanalar, der det oppstår elva under monsunen.
Siwalik består hovudsakleg av sandstein og konglomerat, som er forsteina detritus. Restane av magnetiseringa av silsteinar og sandsteinar indikerer at dei vart avsett for 16-5,2 millionar år sidan og Karnalielva har grave fram dei eldste delane av Siwalik i Nepal.Gautam, P., Fujiwara, Y. (2000) Magnetic polarity stratigraphy of Siwalik Group sediments of Karnali River section in western Nepal. Geophysical Journal International 142 (3): 812–824.
Førhistorie
Sivapithecus (ein type ape, tidlegare kalla Ramapithecus) er av dei mange fossila ein har funne i Siwalik-området.
Siwalik er òg av dei rikaste fossilområda i heile Asia. Her har ein funne alle slags dyr, mellom anna dei tidlegaste slektningane til dovendyret, sivatherium, ein tidleg sjiraff og Colossochelys atlas, ei enorm skjelpadde.
Ein har funne restane av soan-kulturen frå eldre steinalder (ca. 500 000 til 125 000 år sidan) i Siwalik-regionen.Is the Soanian techno-complex a Mode 1 or Mode 3 phenomenon? A morphometric assessmentDistribution of Acheulian sites in the Siwalik region Denne kulturen bestod av Homo erectus.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sivalik Hills» frå , den 18. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Pakistan Kategori:Fjell i India Kategori:Fjell i Nepal Kategori:Himalaya