Engene kyrkje (Engene kirke) er ei langkyrkje i Arendal kommune i Agder.

Kyrkja vart opphavleg oppført som ny kyrkje for byen Grimstad i 1846–49. Byggmeister den gongen var Hans Henrik Struck. Kyrkja vart snart for lita, og i 1881 vart ho flytta til Nedenes av Christian Andersen og gjenoppført som Nedenesengenes kapell, med vigsling i 1882. I dag er namnet Engene kyrkje.

Kyrkja vert iblant kalla det første sveitserhuset på Sørlandet. Det er ei langkyrkje, sjølv om fire trappehus kan få ein til å tru at ein har med ei slags krosskyrkje å gjere. Kyrkja vart finansiert av reiarane i området og var i privat eige til 1940. Ho vart restaurert og fekk att interiørfarger som skal vere nær opp til det opphavlege, i 1990.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

thumb|left|Slik såg kyrkja ut då ho stod i Grimstad.

Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1882 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Arendal